Vi støtter rosa sløyfe-aksjonen!  Vi anbefaler derfor rosa prosa i oktober. Målet med aksjonen er å vise solidaritet med brystkreftrammede, spre informasjon og øke kunnskap om brystkreft samt støtte brystkreftforskning. Tidlig oppdagelse av brystkreft er tema for aksjonen i 2021. Les mer om rosa sløyfe-aksjonen her.

Herfra til Hiroshima

Forfatter: Sunniva Lye Axelsen
Tiden, 2019

Ingrid jobber som hjelpepleier i en «drittkommune» og bruker det meste av fritiden sin på å kontrollere omgivelsene. Hos en pasient treffer hun Thomas som hun raskt blir kjæreste med. Han er full av planer og innfall, for eksempel en jorda rundt reise for de to sammen. Ingrid burde være lykkelig, men hun er distansert og usikker. Hun holder ikke følge med situasjonen som utvikler seg. Det gjør heller ikke jeg som leser dessverre. Til gjengjeld har Axelsen et godt språk, hun briljerer med personkarakteristikker, morsomme og satiriske innslag. Å skrive en så dyster feel-good roman er intet mindre enn imponerende.

– Chantal Søgaard, Sandefjord bibliotek

Lån boka her.

Herfra til Hiroshima. Sunniva Lye Axelsen.

Kan jeg bli med deg hjem

Forfatter: Marie Aubert
Oktober, 2016

Forfattaren hausta mykje ros for denne debuten, som består av ni noveller der tilsynelatande kvardagslege hendingar avdekker ulmande skam. Hovudpersonane i alle novellene står i meir eller mindre fastlåste situasjonar: Éi har fått ryktet sitt øydelagt og gøymer seg heime, éi latar som ho er gravid for ikkje å bli forlaten, og éin har basert yrkesvalet på eit traume frå barndommen. Novellene er humoristiske og skarpt komprimerte – boka på knappe hundre sider viser at forfattaren meistrar spesielt «show don’t tell»-prinsippet svært godt.

– June Røys Hauge, Sandefjord bibliotek

Lån boka her.

Kan jeg bli med deg hjem. Marie Aubert.

Ti amo

Forfatter: Hanne Ørstavik
Oktober, 2020

I denne romanen forteller forfatteren om hvordan livet endres radikalt når mannen hennes får en alvorlig kreftdiagnose og har kort tid igjen å leve. Hun forsøker å nå inn til ham, ønsker å se sannheten i øynene, snakke om livet, om sykdommen og døden, sammen med ham, men han lukker seg. Som betyr at vi får mye av historien fra Ørstaviks perspektiv; hennes refleksjoner om kjærlighet og sorg. Om hvordan tilstanden hans tapper henne for energi, gjør henne motløs, men likevel sterk. «Og dette jeg har skrevet her, er den sanneste måten jeg har kunnet være hos deg på ..», avslutter hun.

– Hilde Anvik, Stokke bibliotek

Lån boka her.

Ti amo. Hanne Ørstavik.

Meg, meg, meg

Forfatter: Linnea Myhre
Tiden, 2019

Ei ung kvinne reiser til LA, men ikkje for å jakte berømmelse og karriere slik som alle andre. Ho er berre med. Kjærasten hennar er musikar, og har budd der i ti år. Han held på med sitt, mens ho lev eit stilleståande sidekick-tilvære der ho er oppteken av heilt andre ting: mat, kropp, korleis vere vaksen, korleis vere bra nok. Og Britney Spears. Ho får varsel på Instagram kvar gong stjerna postar noko, og ein dag er det kanskje innan rekkevidde at vegane deira kryssar kvarandre. Ho har i alle fall tenkt å gjere alt ho kan for at det skal skje. Denne boka er pakka med sitat frå låtane til popstjerna, og er eit must read for alle uambisiøse Britney-fans der ute som nokon gong har leita etter seg sjølv.

– June Røys Hauge, Sandefjord bibliotek

Lån boka her.

Meg, meg, meg. Linnea Myhre.

Ungdomsskulen

Forfatter: Heidi Furre
Flamme, 2016

Denne boka handlar om krisa det er å vere halvvegs inn i ungdomsskulen og enno vere ukyssa. Å rekke opp handa ein gong på starten og ein gang på slutten av timen for å bli likt av læraren, og sone ut resten av tida. Å ha ein forelder ein ikkje orkar snakke om, og ein annan ein ikkje orkar snakke med. Å bli forelska i ein som luktar vaskepulver og pære, og fylle heile dagboksider berre med namnet hans. Å snike seg på fest for å treffe eldre gutar, å navigere mellom flau konfirmasjonsundervising og endå flauare seksualundervisning, medan tida sneglar seg altfor sakte framover.

Ei sår og humoristisk bok som kronologisk tek føre seg dei tre åra som utgjer ungdomsskulen, og får deg til å tenke tilbake på di eiga tid der, uansett korleis den måtte sjå ut.

– June Røys Hauge, Sandefjord bibliotek

Lån boka her.

Ungdomsskulen. Heidi Furre.

Translate »