Eit utval av dei mest aktuelle nynorskbøkene for ungdom akkurat no!

Blindsone

Forfattar: Anders Totland
Gyldendal, 2021

For Sanne er det berre ein ting som gjeld: kjærasten Henrik. Det er dei to mot verda. Så nærmar russefesten seg, og Sanne blir overraska når Henrik plutseleg vil dra dit. Han har då ikkje vore oppteken av sånn før? Sanne vil ikkje vera klengete, men når ho anar ein sjanse til å bli med på festen og halda eit auge med Henrik, grip ho han.Anders Totland har skrive ei rekke bøker for barn, ungdom og vaksne. I Blindsone held han fram med å skildra den såre ungdomstida og kor vanskeleg det kan vera å akseptera seg sjølv. Det har blitt ei historie om altoppslukande kjærleik, å mista seg sjølv, og å finna seg att.

 

Lån boka her

Blindsone. Anders Totland.

Ser du dette?

Forfattar: Sigrid Agnethe Hansen
Samlaget, 2020

Anna (15) opplevde det store marerittet: å få eit nakenbilde av seg spreidd på nettet, av ein ho var glad i og stolte på. No har ho flytta til ein annan stad i landet for å starte på nytt, og håpar ho kan legge bak seg det som skjedde. Men kan ho det? Denne sterke ungdomsromanen handlar om frykta for å bli eksponert, om å gå vidare med eit knust hjarte, og korleis flykte frå eit rykte. Boka handlar også om kule bestemødrer, veninner som drit i kva andre meiner, og om å chatte med einsame japanarar. Ei annleis og kul ungdomsbok – ein pageturner også! Boka passar for ungdomstrinnet og oppover.

– June, Sandefjord bibliotek

Lån boka her

Ser du dette. Sigrid Agnethe Hansen.
Vinden og kattane

Forfattar: Rønnaug Kleiva
Samlaget, 2021

Femten år gamle Johanna bur saman med mor og veslesøster, og ho må ta ansvar for dei begge. Mor drikk for mykje og anstrenger seg for ikkje å tenke på det endelause. Veslesøster er berre sju år og ønsker seg mest av alt i verda ein eigen kattunge som ho kan passe på. Samstundes leitar Johanna etter nærleik hos gutar som kanskje ikkje maktar å gi henne det ho treng.

Vinden og kattane handlar om ei ung jente som blir vaksen altfor fort, men det er også ei historie om sterke familieband, lojalitet og djup kjærleik.

Lån boka her

Vinden og kattane. Rønnaug Kleiva.

Eg har venta på deg

Forfattar: Atle Hansen
Samlaget, 2020

Stormfull skrekk. Simon gler seg til å ro ut på havet for å fiske. Men kven er det som plutseleg ropar på han? Er det den mystiske jenta han møter på kafeen? Ho som han skal å halda seg vekke frå? Eller er det Den svarte enka? Ho som sit på stranda og ventar på kjærasten som forsvann på havet for lenge sidan?

Lån boka her

Eg har venta på deg. Atle Hansen.
Aleksander den store

Forfattar: Peter Strassegger
Samlaget, 2020

Det er aldri lett å starte på ny skule, men det er i alle fall ikkje lett når du er den nye i klassen i eit land du ikkje har vakse opp i, og ein av grunnane til at du måtte byte skule er at du gjorde noko forferdeleg der du gjekk før. Betre blir det ikkje at historia gjentek seg: Aleksander opplever på nytt å bli eit mobbeoffer. Men skal han ta igjen denne gongen? Eller finst det noko(n) som kan redde han frå det enorme sinnet? Aleksander den store er ein velskriven og lettlesen roman om utanforskap, mobbing, vald, migrasjon men ikkje minst krafta i venskap. Kan verkeleg anbefale denne boka! Passar for ungdomstrinnet. 

– June, Sandefjord bibliotek

Lån boka her

Aleksander den store. Peter Strassegger.
Tre meter med kniv

Forfattar: Eili Harboe. Illustratør: Tiril Haug Johne
Samlaget, 2020

Lykke vil bli halden rundt av Simeon i symjehallen. Ho ønskjer å bli sett av ei sjuk mor. Ho prøver å vere grei med fostersystera Lena. Men Simeon, som kan vere så snill, kan også vere slem. Og mor, som kan vere så morosam, kan også vere langt borte. Og kva er det med Lena, som av og til er heilt, heilt stille?

«Tre meter med kniv» handlar om å vere forelska, om å vere ei dotter, ei syster, men heile tida vere på vakt, heile tida kjempe mot tårene, heile tida lengte, heile tida oppleve at kjenslene svir.

Lån boka her

Tre meter med kniv. Eili Harboe & Tiril Haug Johne
Sinne

Forfattar: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen
Samlaget, 2020

15 år gamle Synne klarer ikkje å halde kjenslene inni seg når det boblar og kokar på innsida, noko det gjer kvar gong ho blir misforstått av lærarar og foreldre, og kvar gong klassekameratar trykkar på akkurat dei rette knappane. Ho brukar meir tid hos rådgjevaren, som prøvar å få henne til å starte på medisinar, enn i klassen. Besteveninna Torunn er eit anker, men dette forandrar seg når to nye klassekameratar kjem og endrar dynamikken: influensaren Kine og sjarmerande Johan. Begge kjem snart under huda på henne, berre på heilt forskjellige måtar. Ei knallsterk ungdomsbok som gjev unik innsikt i korleis det er å ha ADHD. Boka vann også Bokbloggerprisen for 2020.

– June, Sandefjord bibliotek

Lån boka her

Sinne. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen.
Pest og plage: Verdas verste pandemiar

Forfattar: Anders Totland. Illustratør: Martin Ernstsen
Gyldendal, 2021

Boka fortel om pandemiar i Noreg frå svartedauden til korona. Her får vi lese om dei verste, gjennom enkeltmenneskes historier, frå losen som fekk kolera etter å ha spist lapskaus om bord til Jacob som blei ramma av hiv-/aids på slutte av 1900-talet. Det handlar også om korleis sjukdomane er blitt slått ned ved hjelp av blant anna vaksiner. Sakprosa for mellom-/ungdomstrinnet.


Lån boka her

Pest og plage: Verdas verste pandemiar. Anders Totland & Martin Ernstsen.

Draumar betyr ingenting

Forfattar: Ane Barmen
Gyldendal, 2019

Etter å ha blitt ferdig med andre klasse på vidaregåande i byen, reiser Louise tilbake til heimbygda på sommarferie og for å delta i gravferda til bestemora. Å vere tilbake på staden ho flykta frå nesten eit år tidlegare, og i tillegg å bli konfrontert med nok eit dødsfall, set i gang mange kjensler. Bestekompisen Tormod døydde i ei ulukke året før, og heime minner alt om han. Louise startar ein uunngåeleg og forseinka sorgprosess. Samstundes skal ho takle å vere saman med andre familiemedlemmar og dessutan halde ut sommarjobben på eldreheimen som ho blir halvvegs tvinga inn i.  Linni, den tidlegare besteveninna, prøvar å nå henne, vil ha henne med på fest, men Louise veit ikkje kva ho skal svare. Og kan ho vere nær andre gutar enn Tormod? 

Ein sår, vakker og morosam ungdomsroman om å kome seg vidare, men også å omfamne røtene sine. Passar for vidaregåande-alder.

Lån boka her

Draumar betyr ingenting. Ane Barmen.
Isla Bonita

Forfatter: Terje Torkildsen
Samlaget, 2019

Seksten år gamle Carlo reiser til Syden med den rare kunstnarmora si. Han ser fram til ei roleg ferieveke i varmen, men slik blir det ikkje. Isla Bonita viser seg å vere ei øy full av skumle typar og store mysterium. Og så møter han Julieta, den dansande jenta på kaien. Av og til kan det vere livsfarleg å bli forelska.

Lån boka her

Isla Bonita. Terje Torkildsen.
Høgspenning livsfare

Forfattar: Helene Guåker
Samlaget, 2020

Lea går på vidaregåande og bur aleine på hybel. Ho har ingen vener, og mammaen hennar ligg sjuk i senga heime på garden. Lea gjer alt ho kan, men samme kva ho sier eller gjer står ikkje mamma opp. Lea blir nokon andre. Ho blir til Vilde, som er smart, morosam og kul. Vilde kan greie alt i hele verda: ho kan få seg vener, og ho kan få seg kjærast. Men plutseleg skjer det noko som gjer at Vilde sluttar å eksistere, og Lea klarer ikkje noko anna enn å vere Lea igjen. Dette er ei forteljing om psykisk sjukdom.

Lån boka her

Høgspenning livsfare. Helene Guåker

Translate »