Fortidsminne og notidsdramatikk i mektig islandsk natur
Kan ein flykte frå fortid, familie og inngrodd dynamikk sjølv om ein kryssar eit hav og skrur av telefonen? Astrid hadde kanskje eit håp om det, men finn seg snart innhenta både av det ho prøvar å flykte frå, og dei merkverdige omgjevnadane ho har flykta til - ikkje minst menneska der. Ein drivande god roman i eit særdeles godt språk, som vil få det islanske landskapet til å lukke seg om deg.
June Røys Hauge
Sandefjord bibliotek
Om boken
Golvet er varmt under fotblada, eg opnar den smale delen av vindauget, slepper inn kald luft og lyden av surklande vatn frå badestampen. Sola er på veg ned bak fjellet, legg den flate fjellryggen i skugge, ei kvit stripe mot den blålilla himmelen. Eg føler meg tung og lett samstundes. No er det verkeleg berre eg, denne mannen og desse tretten hestane. Astrid fortel familien sin at ho skal studere musikk i Reykjavík, men i staden reiser ho ut på bygda for å arbeide med hestar. Langt frå musikken, tett på naturen, på den avsidesliggande garden til den aldrande psykologen Gudmundur Gudmundsson. Sakte blir ho ein del av livet hans der, sjølv om det raskt viser seg at ho ikkje er interessert i hest. Kvar morgon utfordrar Gudmundur godmodig Astrid til å omsette vêrmeldinga frå islandsk tekst-tv, og for kvar dag som går, finn ho seg litt betre til rette, både i den nye heimen sin og i seg sjølv. Men så dukkar einstøingen Halli opp og inviterer med seg Astrid på fisketur. Da slår naturkreftene til, og Astrid blir igjen ein fange for eigne og andres forventingar.