Kvelande nært om å ha auge på seg til eikvar tid i eigen heim - utan å vite om det
Den nyaste romanen til Helene Uri har allereie rukke å bli kontroversiell for sin bruk av rettsdokument frå ei ekte straffesak - utan at dei fornærma partane ønska å bli gjort til romankarakterar. Like fullt er boka ei ubehageleg og besettande forteljing om den som ser og den som blir sett på. Om privatlivets fred som blir så til dei grader krenkt, og tankesettet til den som vel å gå så langt. Ikkje minst korleis det opplevast å ein dag få vite at du over fleire år har hatt auge på deg i alle rom, og den skuldige er ein av dei du stolte mest på.
June Røys Hauge
Sandefjord bibliotek