Til leseforslag
Omslag: "Kanelbutikkane : og andre forteljingar" av Bruno Schulz

Voksne

Kanelbutikkane

Schulz, Bruno2023

Noveller
Bestill

Anbefaling

Fortellinger i en praktfull språkdrakt

Dagliglivet i en fargerik og flerkulturelt jødisk landsby (i dagens Ukraina), sett med Jozefs barneøyne og på en enestående måte skapt om til ord og utrykk. Språklig fyrverkeri, nydelig oversatt til nynorsk av Julia Wiedlocha.

Om boken

Bruno Schulz (1892-1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Den særeigne stilen og forteljemåten til Schulz har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust og har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. «Kanelbutikkane og andre forteljingar» skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga «Kanelbutikkane» (1934) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym. Denne teksten blei først oppdaga i 2019. Schulz skreiv i eit landskap mellom røynd og draum og frå eit område som har høyrt heime både i aust og vest, ein kulturell smeltedigel, ein plass for store politiske omveltingar og stadig skiftande grenser. Han stod med eitt bein i den vestlege modernismen og det andre i den jødiske kulturarven.Inneholder 16 noveller

Kontakt

Sandefjord kommune
Ansvarlig redaktør: Camilla Svendsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content