Til leseforslag
Omslag: "Sinne : roman" av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Ungdom

Sinne

Ingebrigtsen, Ann Helen Kolås2020

RomanADHD
Bestill

Anbefaling

Knallsterkt om ADHD

15 år gamle Synne klarer ikkje å halde kjenslene inni seg når det boblar og kokar på innsida, noko det gjer kvar gong ho blir misforstått av lærarar og foreldre, og kvar gong klassekameratar trykkar på akkurat dei rette knappane. Ho brukar meir tid hos rådgjevaren, som prøvar å få henne til å starte på medisinar, enn i klassen. Besteveninna Torunn er eit anker, men dette forandrar seg når to nye klassekameratar kjem og endrar dynamikken: influensaren Kine og sjarmerande Johan. Begge kjem snart under huda på henne, berre på heilt forskjellige måtar. Ei knallsterk ungdomsbok som gjev unik innsikt i korleis det er å ha ADHD. Boka vann også Bokbloggerprisen for 2020.

Om boken

Synne er 15 år og har ADHD. Inni ho boblar og kokar det. Ofte skjeller ho ut lærarar og elevar, og må mange gonger på kontoret til rådgivaren på skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Synne har heldigvis ei bestevenninne, Torunn. Det har begynt to ny elevar og dei skapar problem. Den eine er Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgarar på Instagram. Den andre er Johan, som er mystisk og pen, og han må ha O'boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag. Dette er ei forteljing om ADHD, forelsking og vennskap. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Sandefjord kommune
Ansvarlig redaktør: Tale Bergan
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content