Til leseforslag
Omslag: "Aleksander den store : roman" av Peter Strassegger

Ungdom

Aleksander den store

Strassegger, Peter2020

RomanDemografi
Bestill

Anbefaling

Ein velskriven og lettlesen roman om utanforskap

Det er aldri lett å starte på ny skule, men det er i alle fall ikkje lett når du er den nye i klassen i eit land du ikkje har vakse opp i, og ein av grunnane til at du måtte byte skule er at du gjorde noko forferdeleg der du gjekk før. Betre blir det ikkje at historia gjentek seg: Aleksander opplever på nytt å bli eit mobbeoffer. Men skal han ta igjen denne gongen? Eller finst det noko(n) som kan redde han frå det enorme sinnet?

Aleksander den store er ein velskriven og lettlesen roman om utanforskap, mobbing, vald, migrasjon men ikkje minst krafta i venskap. Kan verkeleg anbefale denne boka! Passar for ungdomstrinnet.

Om boken

15 år gamle Aleksander veks opp i eit anna land. Han er offer for mobbing på skulen, og ein dag bestemmer han seg for å ta igjen med skulens bølle. Men det går for langt. Rett etterpå må han og familien flytta til Noreg, til ei lita bygd, der mora kjem ifrå. I det nye heimlandet blir Aleksander peika ut som neste offer av ein mobbegjeng, leidd av Torve. Aleksander må avgjere om han skal ta igjen slik som sist, eller om han skal finna ei anna løysing, om han skal bruke kreftene som ligg i hendene hans. Dette er ei forteljing om migrasjon, utanforskap og vald blant ungdommar, om det å vera stolt og å stå opp for seg sjølv, samstundes som den fortel om korleis samhald og venskap kan vera med på å snu farlege tankar. Forteljing for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Sandefjord kommune
Ansvarlig redaktør: Tale Bergan
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content