Til leseforslag
Omslag: "Eg snakkar om det heile tida" av Camara Joof

Ungdom – Voksne

Eg snakkar om det heile tida

Joof, Camara2018

Biografisk litteraturRasisme
Bestill

Anbefaling

Opplys deg sjølv om eit svært viktig tema der vi alle har eit ansvar.

Forfattaren av denne boka har norsk mor og afrikansk far, og er oppvaksen i Sandefjord. Ho har blitt utsett for rasisme heile livet. Frå ho som barn blei slått av ein framand for å bere bunad, til ho som ungdom blir utsett for vald og nesten slept etter ein bil på fest, og som vaksen opplever så mange døme på kvardagsrasisme at ho sluttar å nemne dei for venene sine, elles ville dei ikkje kunne snakka om anna. Boka er lita i formatet, og på knappe hundre sider, men gjer eit stort inntrykk. Bruk ein kveld til å opplyse deg sjølv om eit svært viktig tema der vi alle har eit ansvar.

Om boken

Camara Lundestad Joof, oppvaksen i Sandefjord, er skeiv og halvt Gambisk. Andre folks meiningar om disse delane av Joofs identitet, pregar kvardagen og livet hennar. I dette langessayet utforskar ho kva det vil seie å leve som ein dobbel minoritet i sitt eiga land. I litterære vendingar drøftar ho blindpunkt hos sjølverklæra «fargeblinde» nordmenn, kva hudfargen har hatt å seie for kven ho i dag har blitt, om det framleis finnast ein del av henne som er uberøyrt av rasisme, og opplevinga av å møte rasisme så ofte, at ho ikkje kan fortelje venene sine om alle hendingar, fordi det vil bety at dei aldri vil hinne å tale om andre ting ilag. Boka er ein del av serien Norsk røyndom. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Sandefjord kommune
Ansvarlig redaktør: Tale Bergan
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content