Til leseforslag
Omslag: "Kvit, norsk mann : dikt" av Brynjulf Jung Tjønn

Ungdom – Voksne

Kvit, norsk mann

Tjønn, Brynjulf Jung2022

DiktRasisme
Bestill

Anbefaling

Dikt som set seg i magen som ein knyttneve.

I denne diktsamlinga deler Jung Tjønn sine erfaringar med rasisme. Han fortel om det sterke, livslange ønsket om å kunne kjenne seg heime og ikkje skilje seg ut. Det er ikkje så lett som adoptert frå Korea med utsiktene til å bli odelsgut på ein gard i Sogn. På ein gripande måte viser forfattaren linken mellom såkalla kvardagsrasisme og dei store hendingane vi kjenner frå nyheitsbildet (Beheim Karlsen, Hermansen og Manshaus). Dikta er lett tilgjengelege i skrivestilen, men set seg i magen som ein knyttneve.

Om boken

Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke - men tidvis også morosame - dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn som blir odelsgut? Det hadde vore enklare om han var ein kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Eller folk lurt på kor han eigentleg kjem frå. Kvit, norsk mann byggjar på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg til eit heilt land av lesande og nysgjerrige menneske. Tekstane trekkjer også forbindelsar til andre, liknande forteljingar - og set vår samtid og kultur under lupen. Gjennom livet har forfattaren blitt minna på at han ikkje er norsk nok. Er han det no? Når blir han det? Og korleis ser framtida ut for hans eigne barn? Kven blir forfattaren og barna hans når den norske garden dei har arva må seljast?

Kontakt

Sandefjord kommune
Ansvarlig redaktør: Tale Bergan
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content