Til leseforslag
Omslag: "Ser du dette? : roman" av Sigrid Agnethe Hansen

Ungdom

Ser du dette?

Hansen, Sigrid Agnethe2020

RomanKjærlighet
Bestill

Anbefaling

Ei annleis og kul ungdomsbok – ein pageturner også!

Anna (15) opplevde det store marerittet: å få eit nakenbilde av seg spreidd på nettet, av ein ho var glad i og stolte på. No har ho flytta til ein annan stad i landet for å starte på nytt, og håpar ho kan legge bak seg det som skjedde. Men kan ho det?

Denne sterke ungdomsromanen handlar om frykta for å bli eksponert, om å gå vidare med eit knust hjarte, og korleis flykte frå eit rykte. Boka handlar også om kule bestemødrer, veninner som drit i kva andre meiner, og om å chatte med einsame japanarar.

Boka passar for ungdomstrinnet og oppover.

Om boken

15 år gamle Anna har flytta til ein ny stad. Ho har reist frå eit rykte. Ho startar på nytt med ny skule og nye venner. Men eit rykte kan reise fortare enn ein bil kan køyre. Eit rykte bryr seg verken om kilometer, fart eller reiserute. Eit rykte vil berre fort fram. Og det vil nå så mange som mogleg. Eit nakenbilete av Anna er vorte spreidd på nettet. Ho har gitt hjartet sitt til ein som har trakka det i tusen knas. Etter dette er det ikkje lett og tore å stole på nokon igjen. Forteljing for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Sandefjord kommune
Ansvarlig redaktør: Tale Bergan
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content