Blant gudar på Olymp

13 – 15 år  •  Voksne

Blant gudar på Olymp : gresk mytologi illustrert med sitat frå gresk litteratur og bilete av gresk kunst

Eirik Vandvik

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

  • Gresk-romersk mytologi
"Blant gudar på Olymp" kom første gong ut i 1956. Boka presenterer den mytologiske verda kor eit mangfald av gudar styrer over dei store gåtene i menneskelivet og på jorda. Opphavsmytane gir svar på det ukjende og uklare, dei forklarar t.d. korleis sjukdom og naud er komne inn i verda. Vandvik fortel om korleis Zevs fekk makta over himmelen, Poseidon over havet og Hades over den mørke helheimen. Vi møter venleiksguden Apollon, krigsguddommane Atene og Ares og kjærleiksgudane Afrodite og Eros. Heltesegnene skildrar livet til mektige kongar og hovdingar som rekna seg i ætt med gudane. Boka er ei kjelde til innsikt i gresk dikting og religions- og idéhistorie og er illustrert med Vandviks eigne omsetjingar av gresk poesi. Språket er forsiktig modernisert, men i sitata er Vandviks opphavlege språkform bevart. Boka har eit nyskrive forord av Jon Haarberg. Har namneliste. Ill. 257 s. Ib. (3. utg.). 2004.

Utgaver