Dublin er pop, preik og poesi. Dublin er latter, spøk og sorg. Den irske hovudstaden har også vore viktig for forfattaren Frode Grytten. I denne boka skriv Grytten fram sitt egie Dublin. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth tar han lesaren med ut i Dublins levande gater, inn på pubar og veddeløpsbaner. Her kan ein møte stupfulle rockestjerner, stolte bypatriotar og blodige cupfinalistar i gælisk fotball. Gjennom tjueto vittige og rørande kapittel, seier forlaget, får lesaren ein smak av eit Dublin bortanfor dei tradisjonelle guidebøkene. Illustrert med fotografi i svart/kvitt. Har litteraturliste. Nyn.