Fyrsten

Biografier  •  Voksne

Fyrsten : ei innsidehistorie

Emil André Erstad
Først utgitt:2025

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

  • Jonas Gahr Støre, 1960-
  • Politikk - Norge - 2000- : historie
  • Det norske arbeiderparti
Eit ufiltrert innblikk i statsministerlivet til Jonas Gahr Støre, mannen som steig til toppen av norsk politikk, men som aldri heilt klarte å riste av seg stempelet som rikmannssonen i Arbeidarpartiet. Midt i ei nasjonal tillitskrise til leiarskapen hans vart Senterpartiet kasta ut av regjeringa og stjerna Stoltenberg henta inn. Det som såg ut som slutten for Støre, vart i staden forvandla gjennom eit politisk meisterstykke. Emil André Erstad tek oss i denne boka med inn i dei stengde korridorane der politiske alliansar vert smidde og maktkampar blir utkjempa. Med skarpe analysar av alt frå Hurdal-forhandlingane til regjeringas handtering av nasjonale og internasjonale kriser, avdekkjer boka korleis makt og mytar har forma Støres reise i norsk politikk. For første gong får vi tilgang til Støres eigen versjon av Trond Giske-historia. Erstad avslører også korleis Høgre dreiv ein strategisk spinnoperasjon på midten av 2010-talet for å forme forteljinga om politikaren Jonas Gahr Støre. Fyrsten er eit tankevekkande og avslørande innsyn i maktas mange fasettar.

Utgaver