I denne boka er det fotografia det er lagt størst vekt på. Fotograf Arne Aas har teke alle bilda og reisa går frå nord til sør gjennom kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iverland og til slutt går turen om Setesdalstunet på Vest-Agder Fylkes Museum i Kristiansand. Her kan ein oppleve Setesdal ved inngangen til år 2000, bli kjent med det storslåtte landskapet, dei rike kulturtradisjonane, og ein får eit møte med noen av dei menneska som bor i dette dalføret. Bilettekstane er skrevne av Olav Mosdøl i samarbeid med Arne Aas. Det er også tatt med dikt og stev, disse er skrivne av Mosdøl. Med sammendrag på engelsk og tysk.