I denne boka gir Randi Rønning Balsvik ei kortfatta oversikt over Noreg si rolle i internasjonalt bistandsarbeid frå Kerala-prosjektet i 1952 til i dag. Forfattaren gjer greie for korleis utviklingshjelpa starta etter andre verdskrigen og følger utviklingslinjene i det norske bistandsarbeidet. Ho skildrar mellom anna korleis ein har tenkt omkring bistand til ulike tider, kva erfaringar ein har gjort i konkrete bistandsprosjekt, og korleis arbeidet har blitt organisert. Randi Rønning Balsvik er professor emerita i historie, Universitetet i Tromsø. Omtalen er utarbeida av BS.