Denne boka gir ei innføring i organisasjonsteori. Forfattarane gjer greie for kva som kjenneteiknar organisasjonar i privat, offentleg og frivillig sektor. Dei presenterer ulike teoretiske perspektiv på korleis organisasjonar fungerer, og forklarer og drøftar omgrep som maskinbyråkrati, profesjonsbyråkrati og bakkebyråkrati. Boka er vinkla mot sosialarbeidarar og har ei rekkje eksempel henta frå kvardagen til denne yrkesgruppa. Fokus blir særleg retta mot dei utfordringane tenesteytarane står overfor: dei kan oppleve spenning mellom faglege vurderingar og byråkratisk struktur, og dei arbeider i "skotlinja" mellom leiinga i organisasjonen på den eine sida og klientar og brukargrupper på den andre. Forfattarane drøftar korleis ein kan organisere tenesteproduksjon på ein best mogleg måte og har eksempel frå både kommunal tenesteproduksjon og frå frivillige organisajonar.