Takkefest!

Kokebøker  •  Voksne

Takkefest! : jorda rundt med enkle flatbrød, lomper, lefser og pannekaker

Aaste Kveseth
Først utgitt:2022

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

  • Takkebakst : matlaging
Flat mat er ein av våre eldste, enklaste og mest utbreidde mattradisjonar. I denne boka møter du menneske frå fleire verdshjørne som lærer deg sine smakfulle favorittar. I «Takkefest!» har takkeentusiast Aaste Kveseth funne fram kjevlet og invitert nordmenn med røter frå ulike verdshjørne til å vise fram noko av variasjonsrikdomen som finst av takkebakst. Saman gjev dei deg eit rikt utval av gode oppskrifter og viser deg kor lett du kjem i gang. Visste du at menneska alt for fleire tusen år sidan steikte flatbrød på bålet? Det er ikkje tilfeldig, for dette er noko av den enklaste baksten du kan gje deg i kast med! Du blandar berre mjøl og væske til ei røre, eller knar det saman til ein deig som du kjevlar flat. Blandinga treng korkje gjære eller heve, og det er også overraskande små skilnader som avgjer om resultatet blir til ei mjuk lefse, ei pannekake med deilige, sprø kantar eller eit meir kompakt brød.

Utgaver