Denne kulturhistoriske praktboka presenterer historia om norsk bilproduksjon. Mest kjent av dei norske bilane er Troll, som vart produsert i Telemark midt på femtitalet. Men norsk bilproduksjon er mykje meir. Her følgjer vi pionerar og entusiastar fra bergensaren Poul Irgens som i 1880 konstruerte verdas første bil med forbrenningsmotor, til eventyret om el-bilen Think. Norsk bilhistorie er full av fargerike personar og kuriøse hendingar. Bergens Tidende-journalist Paal Kvamme skildrar denne historia med stor fagkunnskap og glimt i auget. Boka er illustrert med nye og gamle foto av norske bilmodellar gjennom hundre år. Nyn.